Det var fiskar eg ville bli
Ein som fiskar mennesker
Menneskefiskar
Tidleg satte eg meg på skulebenken.
Skulen hadde ikkje noko "Fancy navn"
Det var faktisk berre ei gamal kyrkje
Vågnes Frikirke, heitt det.
Årstallet var 1967.
Dette var i 6030 heimbygda.
Eg var 5 år.
Og læreren var Petter, fiskaren frå det vesle samfunnet
Alnes ute i havgapet vest for Ålesund.
Eg fekk diplom, for godt frammøte, og
diplomen frå 1967 har eg framleis.
eg var interessert i fortellinga
frå bibelhistoria der Jesus vil at apostlane hans
skulle gå ut å bli menneskefiskarar.
Slik ville eg også bli.
Eg har studert ved Menighetsfakultet
i Oslo, ved Misjonshøgskulen i Stavanger
og ved Universitetet i Bergen.
Eg klarte å karre til meg nokre vekttal.
Men kva blei eg ?
Coronatid
gav mykje karantenetid
tid til å tenke
tid til å takke
tid til å skrive
Det er i motbakker,
at det går oppover
Det lønner seg å være elskverdig
mot sine medmennesker
Man møter dem gjerne igjen
når man er på vei
nedover..
Ikkje visste vel eg
at alle desse "nyordene" som kom
og gjekk i året 2020
skulle bli den nye normalen:
covid-19
koronasveis
kohort
sprite
hytteforbud,
albuehilsen
koronafast,
søringkarantene
holde meteren
Det går bra,
men eg går ikkje så bra
Eg sliter med balansen
Men eg jobber med den saken
Fotografi handler om å male med lyset
Eg har leika meg med lyset
i 7 år no
Krisepsykologen sa at eg måtte få meg ein hobby
2014 var året det blei så bratt
Masse motbakker
Døden kom
og døden tok
Det blei begravelser
sorg og sakn
ikkje berre sorg
men også tid til omsorg
Tankane mine kan stundom
være langt borte
Men sjølv er eg aldri langt borte
Eg trivst best heime
Takk for oppmerksomheita
Carpe Diem - Grip Dagen
Leve og blomstre
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar